Ein dag for lokalsamfunnet og besøkande.
Hellesøydagen er ein årleg markeds- og aktivitetsdag på Hellesøy i Øygarden. Arrangementet samlar både fastbuande og tilreisande til ein triveleg dag med salsbuer, underhaldning, konkurransar, kulturprogram og gode opplevingar for heile familien. Her kan du oppleva ekte kystkultur, lokale tradisjonar og engasjement frå heile nærmiljøet.
Kunst i butikken
Marknad
Stort telt med salgsbodar – husflid, smykke, biletkunst, knivar, trearbeid, honning, lefse og mykje meir!
Aktiviteter for born
På Hellesøydagen skal borna ha det kjekt!I tillegg til leik i nærmiljøparken, vert det kanopadling, småkrabbefiske, ansiktsmaling og lykkehjul. På kafeane sel me is og anna godt.
Delta i lotteriet med VIPPS
Mange fine gevinstar. Mellom anna kan du vinna gratis leige av Hengjo.
Hellesøymeisterskap i stein-saks-papir
Bildet: Hellesøymeistaren i stein-saks-papir 2023. Vi inviterer alle, både born og vaksne til å delta i konkurransen. Dette er no tradisjon med stor suksess. Mykje spenning, latter og glede. Her kan born konkurrera mot besteforeldra. Møt opp i tide!
Slepp deg laus
Også dei vaksne kan få farge i kinna.